BER-002 - Beredskapsoppslag i bil og sentral - Voss Taxi AS
BEREDSKAPSPLAN
Oppslag på sentral og i bil | BER-002 | Versjon 1.0 | Sist revidert 09.06.2026
1. Viktige naudnummer
Hending | Ring først |
Brann | 110 |
Politi - ran, vald, truslar eller akutt fare | 112 |
Ambulanse - ulukke, akutt sjukdom eller skade | 113 |
Drosjesentral | 56 51 13 40 |
Vaktleiar / dagleg leiar | 48 04 87 67 / 90 59 32 51 |
2. Når hendinga oppstår
Trinn | Sjåfør | Sentral |
1. Sikre liv og helse | Stans bilen trygt. Sikre passasjerar og deg sjølv. Ring 110 / 112 / 113 ved behov. | - |
2. Varsle | Ring naudetatane først. Varsle deretter sentralen via radio, telefon eller app. | Ta imot melding, loggfør tidspunkt og kven som melder. |
3. Informer presist | Oppgi namn/kallesignal, løyvenummer, nøyaktig stad/adresse/GPS, kva som har skjedd og kva hjelp som trengst. | Varsle dagleg leiar/vaktleiar, naudetatar dersom det ikkje er gjort, og eventuelt andre sjåførar. |
4. Følg instruksar | Følg ordre frå politi, brannvesen og helsepersonell. Ikkje ta unødig risiko. | Koordiner kommunikasjon, støtt sjåfør og hald linjene opne. |
3. Hendingstypar og tiltak
Hending | Tiltak sjåfør | Tiltak sentral |
Ran / truslar | Bruk overfallsalarm dersom tilgjengeleg. Ikkje konfronter. Kom deg i tryggleik og ring 112. Varsle sentralen. | Varsle politi. Loggfør. Sikre GPS-/kameradata der dette finst. Varsle andre sjåførar ved behov. |
Vald / skade | Ring 113. Gi førstehjelp dersom det er trygt. Varsle sentralen. | Følg opp sjåfør. Informer politi/helsevesen og vaktleiar/dagleg leiar. |
Trafikkulukke | Sikre staden med nødblink og varseltrekant. Ring 113 og eventuelt politi. Meld sentralen. | Loggfør. Bistå med varsling, omdisponering og kontakt med forsikring/myndigheiter. |
Datasvikt / samband ute | Bruk mobiltelefon som reserve. Meld frå til sentralen når kontakt er oppretta. | Gå til reserveløysing: telefonbestilling/SMS/manuell drift. Informer publikum ved behov. |
Brann / evakuering sentral | Evakuer tilsette. Varsle 110. Flytt drift til reserveløysing: fjernarbeid/nødtelefon/manuell drift. |
4. Kommunikasjon og oppfølging
Kommunikasjon | Etter hendinga |
Intern: radio, app, SMS og telefon. | Sjåfør skriv kort rapport: tid, stad, involverte og hendingsforløp. |
HUGS: Liv og helse først. Ring naudetatar før sentralen. Oppgi alltid stad, løyvenummer/kallesignal og kva som har skjedd.