Voss TaxiVoss Taxi SjåførportalDokument
← Tilbake til Oppslagsverk

BER-004 - Instruks ved stenging ved dårlege køyreforhold - Voss Taxi AS

Instruks

SheetJS Table Export
BER-004 - Instruks ved stenging ved dårlege køyreforhold
Voss Taxi AS
Dokumentinformasjon
DokumentnamnInstruks ved stenging ved dårlege køyreforholdDokumentnummerBER-004
Gjeld forSentral, bakvakt/nattevakt og operative sjåførarDokumenttypeBeredskap / driftsinstruks
AnsvarlegDagleg leiar / operativ leiarGodkjent avStyret / dagleg leiar
Første versjon01.06.2026Revisjon1.0
Neste revisjonÅrleg eller ved behovStatusAktiv
Føremål
Instruksen skal sikre lik og forsvarleg handtering når sentralen må redusere eller stanse køyring på grunn av dårlege eller uforsvarlege køyreforhold. Tryggleik for sjåfør, passasjer og andre trafikantar skal gå føre økonomi, tidspress og servicekrav.
Når instruksen skal brukast
Instruksen skal vurderast ved glatte vegar, stengde vegar, ekstremvêr, rasfare, manglande framkome, politimeldingar, ulykker eller andre forhold som gjer ordinær drosjekøyring uforsvarleg.
Tiltaksplan ved stenging / redusert drift
#TiltakKvenStatus/merknad
1Vurder situasjonen og dokumenter grunnlag for stenging/redusert drift.Dagleg leiar / operativ leiar / bakvakt
2Aktiver talemelding i MBN eller anna telefonsystem dersom sentralen ikkje kan tilby ordinær drift.Sentral / operativ leiar
3Kontakt legevakt og informer om situasjonen dersom transporttilbodet vert vesentleg redusert.Dagleg leiar / operativ leiar
4Informer faste oppdragsgivarar, hotell og relevante kundar om redusert drift.Sentral / operativ leiar
5Informer aktuelle utestader ved kveld/natt dersom kapasitet eller tryggleik er sterkt redusert.Sentral / bakvakt
6Opprett eller bemann vakttelefon dersom sentralnummeret ikkje kan handterast normalt.Dagleg leiar / bakvakt
7Avklar bakvakt/nattevakt og kva bilar som eventuelt kan køyre forsvarleg.Dagleg leiar / operativ leiar
8Vurder førehandsbestilte turar enkeltvis. Berre turar som er forsvarlege skal køyrast.Sentral / sjåfør / løyvehavar
9Legg ut publikumsinformasjon på Facebook/heimeside dersom praktisk mogleg.Dagleg leiar / sentral
10Registrer hendinga i BER-003 Hendingslogg og vurder om avvik skal førast i AVVIK-001/AVVIK-002.Dagleg leiar / HMS-ansvarleg
Kontaktpunkt
KontaktTelefon / kanalNår skal kontaktastMerknad
Legevakt116117 / lokalt nummerVed vesentleg redusert transporttilbod eller behov for avklaring
Politi112 / 02800Ved akutt fare, stengde vegar, ulykker eller politimeldingar
Ambulanse113Ved personskade eller akutt sjukdom
Hotell / faste kundarKontaktlisteVed redusert drift eller stengingScandic, Park, Fleischer, Myrkdalen m.fl.
UtestaderKontaktlisteVed kveld/natt og redusert driftInside, Skrot, Tre Brør m.fl.
Intern bakvaktIntern kontaktlisteNår drift må avklarast eller koordinerast
Prinsipp for avgjerd
Ingen sjåfør skal pressast til å køyre dersom forholda vert vurderte som uforsvarlege. Sjåfør har sjølv plikt til å stanse eller avbryte oppdrag dersom vidare køyring ikkje er trygg. Ved tvil skal tryggleik gå føre.
Relaterte dokument
BER-002 - Beredskapsoppslag i bil og sentralBER-003 - HendingsloggHMS-016 - Rutine for ulykker og skadehendingarAVVIK-001 / AVVIK-002
Revisjonslogg
DatoRevisjonEndringUtført av
01.06.20261.0Første godkjende versjonDagleg leiar