Opplæringshefte for Voss Taxi AS
Opplæringshefte
Voss Taxi AS
1. Utstyr
2. Pålogging
3. Sonene – Takstane
4. Kredittkøyring
- TT - Kort
- RTV
- Eigenandel og frikort
- Skulekøyring
- AU - Kort
- Ny kreditt - Eigen Kreditt
- Kredittkort
- Del betaling
- VIPPS betaling
5. Avslutt – Utlogging
6. Anna informasjon
- Bomturar
- Bompengar
- Venting – Retur - Fergje
7. Andre skjerminnstillingar
- Hotspots
- Skyte på tur
8. Radiotelefonen - Sambandet
9. Diverse
- Lønn – Turordnar - Vekslepengar - Kvittering
- Krita Tur - RTV Takstar - Eigenandel – Frikort - Tips
- Skiftplan og Plikter - Andre betalingsløysningar
- VY- appen
- SMS tastane
- Internett
- Taxiportalen - Booking programmet
10. Generell informasjon til nye sjåførar
Dette heftet er kun meint som eit hjelpemiddel, og er på ingen måte nokon som helst form for fasit.
1. Utstyr
Taksameteret består av ein skjerm med integrert MID godkjend taksameter. Taksameteret betjenes ved berøring på skjermen, samt ved bruk av hardkeys. Anlegget kommuniserer med sentralen via GPRS/2G/4G. All hardware i bilsystemet er produsert av Digitax Automotive Electronics. Bedriften har 40 års erfaring, og har levert ulike løysningar for transport
bransjer i 65 ulike land.
2. Pålogging
Taksameteret skal ALLTID vera pålogga med sjåførnummer før det er klart til bruk. Du skal ALDRI køyra utan å logga deg på taksameteret fyrst. Dette er veldig viktig!
- Start taksameteret med kvit knapp på venstre side.
- Når det kjem fram på skjermen «trekk kort for å logge på», dreg du magnetstripa på sjåførkortet kortet gjennom kortlesaren framme på skrivaren.
- Så slår du inn sjåførnummeret ditt, deretter mobilnummeret ditt(ved første gongs innlogging). Du får tildelt sjåførnummer/tilsettnummer når du byrjar.
- Så skriv du inn kr 0 i kasse og avsluttar med 🡪 tast. Du vert no innlogga på taksameteret.
START SKJERMEN
PÅLOGGINGSMENY
TIPS: Du kan og logga deg på utan sjåførkort, når det kjem opp «trekk kort for å logge på» så kan du trykka på skjermen nederst i venstre hjørne. Der ligg eit skjult ikon for pålogging.
3. Sonene - Takstane
På Voss har me delt inn køyringa i to soner. Me har ei grense, «sonegrensa», som er avgjerande for kva takst me skal køyre på. På turar over 15 km brukar ein takstane slik:
Skal du henta folk på avstandar lengre enn 15 km så startar du taksameteret på sentralen og lar det telja fram til kunden. Tast F1 deretter takstar 2 og 1.Vent nokre sekundar mellom dei to trinna. Når kunden er komen i bilen så stoppar du taksameteret med F1 og lar da stå i ro på returen.
Dette gjeld på alle turar utanom RTV. Innanfor sona bruk alltid F1 først, etter kunden er komen i bilen er det same framgangsmåte som ovanfor. MERK! Innanfor 15 km sona skal taksameteret gå heile tida så lenge du har passasjerar i bilen.
Får ein derimot kundar på sentralen går ein rett på takstar 2 også 1, då får du kun påslag og ikkje frammøtetakst.
Er det ein kontant tur trykker du på stopp ein gong til for å slå deg i ledig att.
SONEKART
15 km
4. Kredittkøyring
Me har fleire ulike typar kredittkøyring, dei mest vanlege er:
- TT – Kort
- RTV – Pasient transport
- Skulekøyring
- AU – Kort
- Eigen kreditt - Turar som vært fakturerte i etterkant
- Kredittkort
- Delbetaling
TT- Kort
Dette er eit elektronisk kort som eldre og funksjonshemma får hjå fylkeskommunen for å del betale drosjeturane sine med. Dei får ein bestemt sum kvart år, med påfyll to gonger i året, 1 Januar og 1 Juli. Dei som brukar slike kort, skal betale ein eigenandel på turen. Eigenandelen er 30 kr minimum uansett taksametersum. Kundane kan og velja å betala meir om dei ynskjer dette, for å spare på kortet. Saldo på kortet kjem opp automatisk når ein dreg kortet i kortlesaren på skrivaren.
Saldo og dei siste transaksjonane på TT- kort får ein opplyst ved å gå inn via Vestland Fylkeskommune si nettside eller via https://www.taxibiz.no/tt. Der må brukar logga seg på med brukarnamn og passord som kom med kortet.
Framgangsmåten for turar med
TT-kort
- Start og køyr turen som vanleg.
- Når du får kunden i bilen så dreg du TT-Kortet i kortlesaren på skrivaren.
- Då vert det registrert ein kreditt i taksameteret, og eigenandelen på 30 kr legg seg inn automatisk. Saldo skal då koma opp på skjermen.
- Ein avsluttar turen ved å stoppa taksameteret, og drar TT-Kortet ei gong til i skrivaren. Då vert turen minus 30 kr trekt ifrå TT-Kortet. Eigenandelen vert ståande at til du har vald betalingsmetode.
- Du vil få opp fleire val om betaling. Vel den som kunden ynskjer.
- Kvittering kjem ut automatisk.
RTV – Turar med pasientreiser rekvisisjonar
Dette er turar med rekvisisjon ifrå helsevesenet, sjukehus, lege, fysioterapeut, kiropraktor, o.l. På ein RTV tur går du på takstar/F1 og trykker deretter på tasten som står START.
Alle turar som vert køyrd for pasientreiser skal startast på denne måten, med ein gong ein har svart ja på turen. Køyr deretter fram til pasienten, og gå deretter på kreditt. Skal vedkomande betale eigenandel så ligg denne inne automatisk. Trykk deretter på H for hentet. Etterfølgt av takstar/F1, på overmenyen vel du meny 3 og tykker så på RTV tasten.
Når ein kjem fram til destinasjon så stoppar ein taksameteret på vanleg måte.
Då går ein inn igjen på kredittmenyen og trykker L for levert. Då vil ein få opp eit skjermbilde som vist nedanfor, trykk avslutt pax og betalingsmenyen vil koma opp.
Vel så betalingsmåte for eigenandel og ta deretter ut kvittering.
Eigenandelen for 2025 er på 171 kr
HUSK og alltid trykk på skrivar ikonet på skjermen når du godtar ein RTV tur, det er rekvisisjonen med alle opplysningane på, skriv ut all passasjerinfo. Denne stiftar du fast bakpå kvitteringa når turen er avslutta.
NB! Har du ein kunde med pasientreiser rekvisisjon som skal på apoteket eller eit anna ærend, så dekker ikkje pasientreiser dette.
Når du får ein RTV tur i bilen så går du inn på kredittar og trykker på turen , så på endre. Her kan ein då legga inn frikortkodar og bompengar. Dette er veldig viktig. HUGS! og trykk på H for hentet og L for levert.
Du går på kredittar og trykker på minus/L tast etter du har levert. Er det fleire som skal betale eigenandel på same turen vert denne delt opp på kvar. Pasienten betalar då den summen som står på skjermen/kvitteringa og ikkje 171 kr. Kunden vert likevel godskriven 171 kr hjå Helse Bergen.
VENT = Ventetakst
Eigenandel og frikort
Køyrer du ein RTV tur og pasientane har frikort så skal dei ikkje betala eigenandel. Dersom dei ikkje har frikort så er det ein eigenandel på 171 kr, den kan betalast kontant eller med kort.
Skal eigenandelen fakturerast legg ein dette inn under konto, bruk rutenummer 400. Born under 16 år skal ikkje betale eigenandel.
Frikort kodar
13. Brukast når det er problematisk med å få eigenandel hjå pasienten, nektar å betale osv. I dette tilfellet skal ein då ringja til pasientreiser å forklara situasjonen som er oppstått.
15. Bomtur.
16. Nyttast for born under 16 år, ved intern overflytting eller tvangsinnleggelse.
Er du ut av kommunen sei f.eks. til Bergen så har du meldeplikt til Pasientreiser/køyrekontoret. Når du er komme fram ringer du 05515, og melder ankomst. Då vil du få beskjed om anten og venta, eller å returnere tilbake til Voss. Dette gjelder kun i Pasientreiser sine åpningstider, Man – Fred. 07:00 - 19:00 og 09:00 - 15:00 på Lørdagar.
Raude rekvisisjonar: Er pasientreiser systemet nede så kan det væra at ein får utskreve manuell rekvisisjon på papir. Denne må ein legge inn i taksameteret sjølv under eigen kreditt på rute 444, og med eigenandel om kunden ikkje har oppnådd frikort. Desse rekvisisjonane må etterinnmeldast til Pasientreiser i etterkant.
Garanti for eigenandel på pasientreiser: Sjå eksempel nedanfor. Desse får ein hjå aldersheimar og liknande institusjonar. Desse skal inn på rute.nr 445 og førast i blåboka.
Skulekøyring
Her er det same framgangsmåte som på ein kreditt tur, bortsett frå att du legg inn turen med fastpris. Rute.nr og prisane på dei forskjellige skulerutene ligg på Google Disk under skuleruter. Skulerutene vert tildelt kvelden før. Det er 3 mann sin jobb å ringa ut rutene då han har første valet påfølgjande morgon. Dette vert rullert i henhald til vaktlista.
- Kredittar - F3
- Ny Kreditt
- 7 Skuleruter
- Legg inn rutenummer og fastpris, trykk ok
- Køyr turen – stopp - trykk på minus knappen på skjermen
- Trykk på start/stopp knappen ei gong til, for å slå taksameteret i ledig att
SKULERUTER MENYEN
KREDITTAR
Tips: Har ein fått tildelt skuleruter med fleire forskjellige turar så kan ein legga alle inn samtidig for å spara tid. forts.neste side
Dette gjer ein ved å gå inn igjen på kreditt, og legger inn neste rute på same måten.
Når du er ferdig med heile kombinasjonen så stoppar du taksameteret med stopp tasten og trykker på figur ikonet nederst til venstre.
NB!
Det er veldig viktig å væra ute i god tid fordi ein ofte har kombinasjonar med fleire
ruter.
Blir du sein ein plass blir du sein heile vegen, og borna vert for seine til skulen.
HUGS!
Pass på at alle skuleborna ein køyrer har sikkerheitsbelte på før du køyrer. Born under 135 cm skal ha sittepute.
Det er eit variert utval av barnestolar og barneputer på sentralen, om ein skal ha behov for dette.
Ein påtår seg eit stort ansvar ved og køyra andre sine born, og dette skal ein respektere. Slurv med dette vil føra til reaksjonar.
AU – Kort
Alle som får støtte til arbeids- og utdanningsreiser gjennom NAV mottar eit reisekort.
Den som brukar reisekortet har bekreftelse på at NAV vil betala for reisa, og kva eigenandel dei skal betale.
Kortet dreg ein i skrivaren før ein startar turen, så legg ein inn eigenandelen på egen kreditt og trykker ok.
Deretter køyrer ein turen som vanleg, og avsluttar med minus tast. Reisekortet kan brukast hjå alle som har løyve til å utføra persontransport i Norge.
NB! Eigenandelen varierer etter brukar.
NY KREDITT
Du køyrer turen fyrst, så stoppar du taksameteret og trykker på kredittar. Då vil du få opp denne menyen her. Er det ein tur som skal sendast rekning på så går du inn på 8 Eigen kreditt. Der skal du legga inn rutenummer.
KREDITT MENY
Så trykker du ok, deretter på kredittar igjen og minus tast. Trykk på stopp knappen ei gong til for og gå heilt ut. Turen skal du føra opp i ei bok som ligg på sentralen «Blåboka», og festar ved kvitteringa. Bruk rute nr 400 viss ikkje anna er oppgitt.
EIGEN KREDITT
Her legg me inn all køyring som fakturerast, samt køyring for VY og andre institusjonar. Fleire av dei faste kundane våre som f.eks. sjukeheimen, sjukehuset og Hagahaugen osv.… har eigne rutenummer som ein kan finna på Google Disk i rutelista.
Framgangsmåten for lagring av kreditten er som for skulekøyring, berre at ein brukar 8 Eigen kreditt.
Kvitteringa du får ut etter å ha lagt inn kreditten, skal heftast på bestillinga eller rekvisisjonen. Alle turar utført på denne måten, skal skrivast inn i boka som nemnt ovanfor.
Rekvisisjonen skal heftast på rekninga i boka, den kvite sida. Den rosa sida riv du ut og legg ved oppgjeret til bileigaren. Denne boka MÅ du hugsa å føra turane inn i, ellers får ein ikkje betaling for dei.
Kredittkort
Dette er kort som t.d. Visa, Mastercard, American Express, Diners, o.l.
Dersom du skal på ein lengre tur som ikkje er rekvisisjonsberettiga, bør du spørja kunden om korleis han vil betale, om det er med kort eller kontant.
Du kan òg spørja om kunden heller vil ta ut pengar i minibank, for å væra heilt sikker på at du får betaling for turen. Omtrent alle kort typar fungerar på EMV terminalen. Kontaktlause kort virkar på summar opp til 500 kr.
KUNDE MENY
Når ein kunde skal betale med kort, så stoppar du taksameteret som vanleg. Deretter trykker du på kort terminal knappen.
TERMINAL MENY
Då er det berre og følgja instruksjonane på betalingsterminalen. Trykk for kvittering om kunden ynskjer dette.
Del betaling
Er det fleire som skal væra med å betala for same turen gjer du dette ved å gå på delbetaling. Då går du inn på kundemenyen og trykker på del betaling. Der legg du inn sum og trykker ok. Då får du opp betalingsmåtane på skjermen. Ein treng ikkje stoppa taksameteret før siste kunden skal betale.
DEL BETALING
BETALINGS MÅTAR
Her vil du få opp desse alternativa. Konto brukast visst beløpet skal fakturerast, kredittkortleser viss det er kort utan chip. Betalingsterminalen ved vanleg kortbruk og kontant viss kunden ynskjer å betale med kontantar eller med Vipps.
Vipps betaling
Det er og mogleg å ta imot Vipps betaling for ein tur. Dette gjer du på ein, eller to måtar.
- Send Vipps krav til kunden.
- Oppje ditt telefon nummer slik at kunden kan Vippse direkte etter endt tur.
Slå deretter ut turen som normalt, midlar som vert mottatt på Vipps vert rekna som kontant.
5. Avslutt - utlogging
Før du drar kortet så går du fyrst inn på sjåførmenyen og trykker på utskrifter og skift hittil. Der ser du kva du har tatt inn i kontantar, så dreg du kortet i kort lesaren på skrivaren.
SJÅFØR MENY
UTSKRIFTS MENY
Trykk deg inn der det står kasse slutt og legg inn kontant beløpet for dagen, avslutt med ok. Då vil skiftlappen komma ut automatisk, og du kan slå av taksameteret.
Det gjer du med å trykka på avslutt tast nede til høgre på det neste skjerm bilete. Hugs og signer skiftlappen med namnet ditt.
SKIFT HITTIL
Skiftlappen skal drosjeeigar ha saman med alle kvitteringar og rekvisisjonar. Du lagar deg ein avtale med drosjeeigar om korleis dette skal gjerast.
UTLOGGINGS MENYEN
NB! Hugs å slå av skrivar og radiotelefonen og!!!
6. Anna informasjon
Bomturar
Har du lagt inn noko feil eller kunden ikkje har møtt opp, så må du slå turen ut som ein bomtur. Dette gjer du ved å gå på stopp/kunde, der er det ein tast som står bomtur. Trykk på denne og bekreft, då nullar du ut turen.
BOMTUR
BOMTUR BEKREFTING
Hugs å ta vare på bomtur kvitteringa, skriv gjerne på kva som førte til bomturen. Kvitteringa stiftar du fast bakpå skiftlappen som du leverer til drosjeeigaren. Har du derimot lagt inn ei rute eller feil fastpris, så kan du sletta kreditten ved å gå inn på endre kreditt og på slett.
Merk: Det er kun rute.nr som blir sletta, kronebeløpet vil bestå og må difor slåast ut som ein bomtur.
Bompengar
Ein skal alltid legga inn best rabbaterte pris. På vanlege turar er det kunden som skal betale for bompengar T/R. Skjema med prisar og takstar skal vera og finna på Google Disk og inne på sentralen.
Retur
Har du levert og slått ut turen skal det ikkje telja noko ting på returen. Er du på ein RTV tur og vert pålagd retur så skal det ikkje telja heller. Skal du derimot vidare etter du kjem oppatt til Voss så startar du det igjen med RTV taksten. Ein skal og starta opp igjen om ein har avstikkarar på returen.
Vent
Vert du pålagd å venta på f.eks. Haukeland så går du inn på takstar også på 5VENT.
Du kan ta betalt for venting på ferje og under overfarten. I tillegg kan ein og få venting med trafikale situasjonar der det kan vert lang ventetid.
Ferje
Gå inn på kreditten å legg inn ferje g bompengar her, trykk lagre å ta vare på alle kvitteringar.
- Andre skjerminnstillingar
Du kan setta taksameteret i pause modus, slik er framgangsmåten
- Sjåfør meny.
- Trykk pause/ledig tasten,
- Sjåfør meny.
- Avslutt.
Då slår taksameteret seg av. Skal ein ut og køyra igjen så er det berre å slå da på igjen med på knappen på venstre sida. Viktig viss ein har lengre pausar, slik at ein ikkje går tom for straum på bilen.
- F1 Start og stopp av taksameteret.
- F2 Takster, man får tilgang til skjermbildet for takstendring.
- F3 Manuell kredittmeny. Direkte tilgang til meny for manuell kreditt.
- F4 Skjerm, hurtigvalg for innstilling av lysstyrke på skjermen.
- F5 Papirmating, ved trykk på denne knappen får man 6 linjeskifts mating av papir. GPS knappen på X-One.
- F6 Siste kvittering, skriver ut kopi av siste kvittering
HOTSPOTS
I kolonna til venstre vil ein sjå desse boksane, dei kallast for Hotspots. Her vil du kunna sjå kva bilar som er ledige i dei aktuelle sonene. Kor mange turar som er ute, og kor mange turar som kjem ut i løpet av den neste halvtimen. Talet øvst er sonenummeret. 1/0/0 betyr det er 1 ledig bil i den sona. 1/0/1 betyr at det framleis er 1 ledig bil i tillegg at det er ein tur som er på veg ut i bilane. 4/3/0 betyr at det er 4 ledige bilar i den sona og at det er 3 turar som er ute og søker etter ledig bil. Du vil og finna same informasjonen om ein trykker på trafikkinfo nederst på skjermen. Her vil du få opp alle sonene. Hotspots sonene på startskjermen er dei som er mest aktuelle i og rundt sentralen/sentrum. Sone 101 er drosjebilsentralen.
SKYTE PÅ TUR
Visst du skal ha inn ein tur i ei bestemt sone så kan du gå inn på trafikkinfo ikonet. Deretter trykk Skudd og skriv inn sonenummeret etterfølgt av OK tast. Då skal turen koma i bilen.
8. Radiotelefonen - Sambandet
I alle bilane er det radiosamband, radiotelefon. Denne brukar me for å ta imot telefon samtalar, og kommunisere bilane imellom. Sambandet er internt kryptert slik at det er kun bilane og sentralen som kan høyre kva som vert sagt. Men alle kundane som sitt på i dei andre bilane kan og høyra på når me snakkar, så det er viktig at ein oppfører seg når ein snakkar på sambandet, og opptrer profesjonelt.
- Ha ALLTID radioen på og Høyr etter!
- Dersom du har våre ute av bilen ei stund, så spør om ein er inne på sentralen eller ute og køyrer.
- Høyr etter kvar det er turar. Den som har telefonvakta ramsar som regel opp det som er av turar med jamne mellomrom. Dersom du er i nærheita av ein av turane, meld deg ledig. Og sei kvar du er.
- ALDRI sei ”eg er ledig og tek turen på.....” , ein skal melda seg, sei kvar ein er, og så skal han som har telefonen sei kvar du skal køyra. Det hender at nokon har venta veldig lenge på bil, så du må køyra forbi dei som er nærast, og heller ta dei som har venta lengst.
- TELEFONVAKTEN ER SJEFEN. Han bestemmer kvar du skal køyre. Før du snakkar på radioen, sjå etter at volumet ikkje er ned skrudd, og høyr etter om det er nokon som snakkar.
- Ver høfleg, og ikkje bruk banneord på radioen.
- Dersom ein ikkje veit kvar ein plass er, spør heller kvar det er, i staden for å berre sei OK og køyra på måfå rundt og leita.
- Ein god ting er å sei ifrå om ein vert vekke ei stund. Dersom du f.eks. får ein tur til Bergen, så kan ein gjerne sei ifrå på radioen at no vert ein vekke 2-3 timar.
- La ALDRI passasjerar ta over radioen. Sei ALLTID ifrå på radioen dersom du tek med ein tur som er utlyst på radioen.
- Ikkje meld deg ledig på turar som er i andre enden av bygda. Eksempel. Du er ledig og kjem på Palmafossen, du høyrer kun at det er ein tur ute, og den er på Park. Då melder ein seg IKKJE på Palmafossen, då køyrer ein heller til sentrum og melder seg ved sentralen.
- Er du siste mann som forlèt sentralen så melder du ifrå på radioen at det er televakt. Ein har då ansvaret med og ta imot og delegera turar etter kvart bilane melder seg ledig. Denne vakta har ein heilt til det blir meldt inn igjen på sentralen.
- Det kan og hende att du må gje televakta ifrå deg viss du kjem i utkantane, då det er dårlegare dekning på radiosambandet.
NB! Radiotelefonen skal KUN brukast til dette føremålet.
NB! Trykk på P1 – P2 – P3 på radioen for å legga på samtalar.
9. Diverse
Løn: Etter avtale med drosjeeigaren ein er tilsett hjå. 45 % av innkøyrd minus skatt er det vanlege.
Turordnaren: Her har alle bilane ei «flis» med løyve.nr. sitt på. Denne må du sjekka kvar gong du kjem inn etter ein tur. Det er ditt ansvar å setta deg opp i Turordnaren når du kjem inn att på sentralen. Om ikkje vert ein satt opp sist.
Vekslepengar: Kvar sjåfør har sine eigne vekslepengar med seg. Eigar er ikkje ansvarleg for å syta for vekslepengar.
Kvittering: Ein skal uoppfordra tilby kundane kvittering. Trykk kvittering på kundemenyen, og denne vert skriven ut. Skulle kunden likevel ha behov for kvittering og du har slått ut turen, får du ut siste turen ved å trykkja på F6.
Tips: Om nokon ynskjer å gje deg tips før dei dreg kortet eller du skriv ut kvittering, gjer du dette enkelt ved å gå inn på kundemeny og tips.
Alternativt kan ein og legge dette inn direkte i terminalen anten som prosent tips, eller ved å legge inn summen som kunden ynskjer å tipse.
Krita tur: Har du køyrd nokon som ikkje kan gjera opp for seg, så må du få personalia og ei underskrift hjå dei slik at ein kan sende faktura i ettertid.
Alternativt så kan du senda eit Vipps krav til kunden med totalsummen på turen.
RTV: (Rikstrygdeverket) er turar med «rekvisisjon», sjuketransport. Kjem anten direkte på taksameter skjermen. Eller på ein manuell papir rekvisisjon utanom opningstid.
Alle papir rekvisisjonar skal leverast til dagleg leiar for sentralen, då desse må etterinnmeldast til Pasientreiser i etterkant. Dette er viktig, slik at ein får oppgjer for turen.
Skiftplan og plikter
Det er 17 bilar fordelt på 2 skift, alle desse er på jobb kvar dag, eine skiftet er ferdig kl. 16:00.
Det andre skal væra på vakt om kvelden, 4 av desse 7 går av kl. 18:00. Det er pga. at det ikkje er behov for så mange bilar i vekene på kveldstid.
Etter nattoget kl. 00:30 reiser dei andre heim bortsett frå nattevakts bilen som har skift fram til kl. 08:00.
Visst det skulle skjæra seg om natta kan han ringa ut nattogsbilen, denne møter uansett til kl. 06:30.
Dette rullerer etter løyvenummer på skiftplanen.
Nattevakt: Tar over for den som har køyrd første skiftet og er på jobb til kl. 08:00 viss ikkje anna er avtalt.
3M: Har første valet til og velja forhåndsbestilte turar om morgonen, og er den som skal tildela/ringa ut om kvelden. Denne bilen er med til kl. 20:00 kvelden før, og fungerer også som bakvakt ved behov.
Nattogsbil: Skal møta til nattoget som kjem ifrå Oslo kl. 06:30 om morgonen. Han skal og tømma bosspanna på sentralen og rydda. Bosrommet er på baksida av sentralen, nøkkel heng i skapet inne.
- Man – Fred. Fulle skift fram til kl. 16:00. Start er avhengig av kva ruter ein har fått tildelt kvelden før.
- I helgane er det skift køyring på dagtid, på Laurdag morgon møter eit skift kl. 08:00 med unnatak av nattevaktene. Dei har skift fram til kl. 15.00, skift nummer 2 kjem på kl. 14:30.
Då har første skiftet fri til kl. 19:00. Då er det frikøyring, og alle bilane skal væra på om kvelden/utover natta. Då er ein på til hotella er stengt og det begynnar å roa seg. I helgane er det 2 nattevakter som har skift til kl. 08:00, dette gjeld Fredag og Laurdag.
NB!
Skiftet i vekene varer eigentleg til kl. 01:30, men sidan det ikkje er behov for meir enn 1 bil etter nattoget, går ein av kl. 00:30. Er det derimot behov, så er ein sjølvsagt med utover desse tidene.
VY appen: Når ein får VY-app bestilling er det tilnærma prosedyre som ved RTV.
Start turen som normalt og køyr fram til hentestad på frammøte takst. Ein startar ikkje taksameteret før kunden er komen i bilen.
Når du har fått kunden i bilen går du inn på kredittar og trykker på rød mann, deretter på hentet. Då vert denne grøn og du kan starte taksameteret.
Tur vil då ikkje overskrida makspris, og kunden skal ikkje betale meir enn det som taksameteret sluttar på.
Ein app tur gjeld kun ifrå A til B, visst kunden vil noko anna skal turen/kreditten avsluttast ved å trykka på minusteiknet, og taksameteret går i null. Trykk deretter fortsett, då betalar kunden det nye beløpet ved framkomst.
Har kunde forhåndsbetalt i appen, så går ein inn igjen på kreditt og trykker på grøn mann og deretter levert.
Av turteksten vil det koma fram om turen er forhåndsbetalt i appen eller ikkje.
Visst kunden ikkje er komen etter 5 min, så skal kunde først kontaktast før ein avsluttar tur, ved å trykka på ikkje møtt. Då vil kunden verta belasta 99 kr for oppmøtet.
SMS tastane: På taksameter skjermen er det to ikon, sms 1 og sms 2. Desse kan ein bruka på RTV og andre elektroniske bestillingar som ligg i Booking systemet.
MERK! turen må væra lagt inn med mobilnummer for at kunden skal kunne motta sms. Sms 1 brukar ein når ein har godtatt ein tur, då vært det sendt sms til kunden om at det er bil på veg og kva løyvenummer som kjem.
Sms 2 brukar ein når ein er kome fram til destinasjon, då vil kunden få sms om at bilen er framme.
Internett - vosstaxi.no: Det er og høve til å bestille taxi via heimesida til Voss Taxi. Her ligg det og informasjon om oss, og vår virksomhet samt kontaktinformasjon.
Taxiportalen: Er ei nettside som me brukar for å handtere alle elektroniske bestillingar som kjem inn. Turar som me manuelt legg inn i Booking programmet vert og lagt ut her. Det er i hovudsak slik at ein til ei kvar tid har oversikten over dei forhåndsbestilte turane.
Booking programmet: Er der me legg inn alle bestillingar. Her er det viktig å legga inn rett adresse og klokkeslett, helst med fullt namn og telefonnummeret til kunden.
Booking programmet har ei rekke funksjonar som f.eks. innhenting av turar som har gått i feil bil, samt at ein og kan booka inn faste bestillingar fram i tid osv. …. For å bruka programmet må ein få opplæring av ein av dei meir erfarne sjåførane.
10. Generell informasjon til nye sjåførar.
- Noko av det første du må gjera når du byrjar som sjåfør er å settja deg inn i rutinane ved sentralen.
- Tar du imot ei bestilling på telefonen så hugs å skriv han ned eller legg den i booking med rett adresse, klokkeslett, dato, namn og telefonnummer.
- Er ein nettopp byrja skal ein ikkje ha telefonvakt dei første vekene/helgene, dette overlèt ein til meir erfarne sjåførar til å begynna med. Er du sistemann ut av sentralen ber du nokon andre overta telefonvakta.
- Det er viktig at du hugsar på å låse att begge dørene på sentralen når du er sistemann ut.
- Når du får tur og er usikker på kvar du skal, prøv å orienter deg før du køyrer. Ein kan og spørja dei andre på sentralen, eller gå inn på datamaskina og sjå på kart. Dette vil gjera da enklare for deg, og ein slepp mykje unødvendig støy over radiosambandet.
- Som i andre serviceyrker er det viktig at ein er høfleg og kundevennleg, og ikkje minst serviceinnstilt. Elles gjeld vanleg folkeskikk ovanfor kundar og kollegaer.
- Ein skal hjelpa til med å bære varer, rullatorar, koffertar og kva enn det måtte væra. Ein sitt ikkje i bilen og glor.
- Har ein passasjerar i bilen skal ein ikkje sitja å snakka i mobiltelefonen eller skriva sms, den er berre til korte og naudsynte beskjedar.
- Det er røyking forbode både i bilen og på sentralen, skal ein ha seg ein blås så går ein ut.
- Skal du opp å levera i hyttefeltet i Bavallen er det ein bom du må gjennom, det er nøkkelbrikke til denne bommen i alle bilane. Bommen opnar seg automatisk når du køyrer ned igjen.
- Det er hengt opp hyttekart over Bavallen og Tråstølen på sentralen. Desse skal og væra å finna på Google Disk, slik att det skal vera enklare å finna fram.
- Er du Tredjemann og skal ringa ut skuleruter, hugs på å sjekk alle lappar og beskjedar på tavla før du byrjar. Slik at ein slepp bomturar og misforståingar. Når du er ferdig å ringe ut så tar du bilde av lista, og legg den ut på Telegram.
- All relevant informasjon som t.d. rutenummer, skuleruter, telefonlister, prislister og bompengar med meir ligg tilgjengeleg på Google Disk. Du vil få tilgang til denne når du byrjar hjå oss.
Bruksanvisning for bruk av Google Disk/Drive
Gå inn på Google Play eller Apple app store og last ned Google Disk for mobiltelefon, deretter installer.
Logg inn med Brukarnamn: drosjena@gmail.com og Passord: Hestavangen11
Ikonet for Google Disk skal sjå slik ut på din mobiltelefon.
Når du er kommen inn så vil det sjå slik ut. Trykk alltid på filer ikonet nede til høgre for å få tilgang til alle mappene på disken.
Du kan og bruka søkefunskjonen øverst i bildet til å finne fram til det du leitar etter,
Her ligg all relevant informasjon som ein treng i kvardagen:
- Skuleruter
- Ruteliste
- Bompengar
- Fastprisar
Voss Taxi AS
E-post: post@vosstaxi.no
Maxi Taxi e-post: maxi@vosstaxi.no
Faktura: faktura@vosstaxi.no
Uttrågata 19
Tlf
56 51 13 40
Mob
48 04 87 67
Maxi
93 24 98 44
hwww.instagram.com/vosstaxi/